
EU har lansert suverenitetspakke

Onsdag 3. juni la EU-kommisjonen fram ein regulerings- og strategipakke for digital suverenitet. Pakken består av to lover, ein strategi og eit vegkart for KI i energisektoren. Tiltaka har vore venta i fleire månader, men har blitt utsett to gonger tidlegare.
Suverenitetspakken har som mål å redusere Europa si avhengigheit av ikkje-europeiske tenesteleverandørar i alle delar av teknologikjeda, frå chips og halvleiarar til skytenester og programvare. I ei fråsegn sa EU-president Ursula Von der Leyen mellom anna at Europa ikkje kan vere avhengige av at andre har kontroll over teknologien som held sjukehusa i gang, elektrisitetsnettet stabilt og sørgjer for trygge tenester for europeiske innbyggarar.
Ein sentral del av suverenitetspakken er den nye lova Cloud and AI Development Act, eller Sky- og KI-utviklingsforordninga som den blir kalla på norsk. Her vert mellom anna fire «tillitsnivå» for skytenestetilbydarar for offentlege verksemder introdusert. Kva nivå ein tilbydar havnar i, vil mellom anna avhenge av eigarskap, avhengigheiter i tenestekjeda, cybertryggleik og intrastrukturlokasjon.
Kommisjonen framhevar i tillegg ambisjonen om å utvikle, kontrollere og skalere eigne tenester i ei multipolar verd. Cloud and AI Development Act inkluderer, slik namnet antydar, også tiltak som er meint å stimulere europeiske tilbydarar til å kunne konkurrere med dei amerikanske leverandørane på sikt. Kommisjonen ønsker altså å regulere den europeiske marknaden på ein måte som gjer at europeiske selskap kan konkurrere.
Lovforslaget skal no forhandlast om i EU-parlamentet. Kommisjonen har markert dei to lovene som EØS-relevante, noko som indikerer at dei kan bli norsk lov, men dette er ikkje avklart og vil under alle omstende ta tid. Suverenitetspakken er eit politisk signal om at EU-kommisjonen vil halde fram å jobbe for større grad av strategisk autonomi og bygge europeiske alternativ til dei amerikanske og kinesiske leverandørane.

