Hopp til hovedinnhold

Personvernerklæring

Personvernerklæringa handlar om korleis Digitaliseringsdirektoratet samlar inn og brukar informasjon om besøkande på nettsidene våre. Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår, og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar.

Sentrale omgrep

Personvern er eit lovpålagt vern av privatliv og personleg integritet, og omfattar retten til innflytelse over korleis data om deg brukast og blir spreidd. Dette er regulert gjennom EU si personvernforordning (GDPR – General Data Protection Regulation)

Personopplysningar er informasjon som kan knyttast til deg som person, som namn, fødselsnummer, telefonnummer, IP-adresse og bilete. Sensitive personopplysningar kan til dømes vere religiøse eller politiske oppfatningar, legning eller helseforhold.

Når det blir samla, registrert, strukturert, lagra eller delt data om deg, reknast det som ei behandling. For at det skal vere lovleg å behandle data, er det nødvendig med behandlingsgrunnlag, jf. personvernforordninga art. 6. Vidare skal personopplysningar berre behandlast for spesifikke, uttrykkelege, angitte og legitime føremål.

Behandlingsansvarleg er verksemda som er ansvarleg for behandling av personopplysningane, mens ein databehandlar behandlar opplysningar på oppdrag frå den som er behandlingsansvarleg. Ein databehandlaravtale er ein avtale mellom behandlingsansvarleg og databehandlar om korleis personopplysningane skal behandlast. Tredjepartar er tenesteleverandørar som behandlar personopplysningar på eigne vegner.

Når behandler Digdir personopplysninger?

Digitaliseringsdirektoratet driftar fleire kanalar og nettstader. I denne erklæringa finn du informasjon om kva data vi samlar inn når du besøker ki.norge.no.

Hvilke personopplysninger behandler vi, og hvorfor?

Føremålet med Digdir si behandling av personopplysningar er å levere og oppretthalde tenester som fungerer og opplevast forutsigbare for våre besøkande. Vidare brukar vi opplysningane for å forbetre tenesta, handtere eventuelle feil og forhindre misbruk.

Behandlinga omfattar ei avgrensa mengde personopplysningar, og berre når den registrerte sjølv vel å besøke nettsida. Opplysningane blir ikkje kobla med andre opplysningar og blir normalt sletta etter kort tid. Fordelen ved behandlinga av personopplysningane for Digdir er større enn ulempa for den registrerte ved å behandle personopplysningane

Digdir har ei velgrunna interesse til å behandle personopplysningane i samsvar med GDPR art. 6 nr. 1, f.

IP-adresser og logger

Di IP-adresse blir logga for ein kort periode av webserverne våre. Brukaren si IP-adresse, tidspunkt, nettadresse, HTTP-status, antal bytes sendt, HTTP referer og HTTP user agent blir logga i 90 dager. Deretter slettast loggen automatisk.

Informasjonskapslar

Les om informasjonskapslar

Spørjeundersøkingar og analyse

Viss du samtykkjer til spørjeundersøkingar og analyse, brukar vi Skyra til å stille spørsmål og Siteimprove til anonym og aggregert sporing av brukaråtferd.

Skyra.no er eit verktøy for å samle inn tilbakemeldingar via undersøkingar på ki.norge.no. Undersøkingane samlar normalt ikkje inn personopplysningar, med mindre vi inviterer til brukartest. I slike tilfelle vert namn, telefonnummer og e-postadresse handsama. Skyra brukar førstepartsinformasjonskapslar for å fungere. Desse er funksjonelle og vert lagra i opptil 365 dagar.

Siteimprove vert brukt for å forstå åtferda til brukarane på ki.norge.no. Ved hjelp av ein sporingspiksel samlar Siteimprove inn anonymisert og aggregert informasjon om korleis nettstaden vert brukt.

Dine rettar

Alle som spør, har rett på grunnleggande informasjon om korleis ei verksemd behandlar personopplysningar. Dersom du er registrert i eit av systema til Digitaliseringsdirektoratet, har du rett på innsyn i dine eigne personopplysningar. Du kan også be om retting eller sletting av mangelfulle eller uriktige opplysningar. Kravet ditt vert behandla kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar. Du har rett til å protestere mot behandling av personopplysningar når behandlingsgrunnlaget er «grunna interesse». Alle førespurnader om innsyn i og rettar knytta til personopplysningar kan rettast til vårt personvernombod på e-post.

Viss du ønsker å klage på vår behandling av personopplysningar, har du rett å klage til Datatilsynet.

Kontaktinformasjon

Sidan Digitaliseringsdirektoratet er ei offentleg myndigheit, har vi eit eige personvernombod i verksemda. Du kan lese meir om hva personvernombodet er og korleis du kan kome i kontakt med vedkomande på ombudet si eiga side.

Informasjonssikkerhet

Digitaliseringsdirektoratet har tekniske og organisatoriske tiltak på plass for å hindre at personopplysningar kjem på avvege, kan endrast ugrunna eller blir utilgjengelege.

Hva leter du etter?