Kunnskapsassistenten
Kunnskapsassistenten er ein KI-chat som hjelper deg å finne dokument i staten og analysere dei. Assistenten skal styrke, ikkje erstatte faglege vurderingar. KI-chaten er i betaversjon.
Utfordringa
Kunnskapsarbeid i staten er tidkrevjande og komplekst. Informasjonen er fragmentert, krava til presisjon er høge. I tillegg utnyttar vi ikkje eksisterande kunnskap godt nok. Samtidig aukar forventningane til effektivitet, kvalitet og transparens. Samla skal infrastrukturen støtte forsking, innovasjon og bruk av KI i Noreg.
Løysing
Kunnskapsassistenten er ein spesialutvikla KI-chat for kunnskapsarbeid i offentleg sektor, bygd på ein RAG-arkitektur. Svara er basert på eit avgrensa utdrag av Kudos-databasen. Dette gir uka kontroll over svara, og bidrar til at dei er etterprøvbare, transparente og sikrare.
Kunnskapsassistenten skal
støtte utforskande analyse
bevare og styrke menneskeleg vurdering og fagleg forståing
bidra til strukturering og samanstilling av informasjon
synleggjere kva kjelder svara bygger på
legge til rette for kvalitetssikring – ikkje automatiserte konklusjonar
Resultat
Det viktigaste resultatet har vore læringa undervegs. Mens første pilot i hovudsak utforska om og korleis KI kan støtte kunnskapsarbeid i offentleg sektor, med vekt på innovasjon, nye arbeidsformer, kulturendringar og kompetanseutvikling på systemnivå, har den andre piloten sett kva forutsetningar som må vere på plass for at Kunnskapsassistenten kan brukast som eit forsvarleg og nyttig arbeidsverktøy i praksisnære situasjonar.
Utprøvinga viste at KI tilpassa for offentleg sektor kan vere nøkkelen til å oppnå
redusert tid på manuelle oppgåver
mindre dobbeltarbeid
auka kvalitet
redusert behov for bruk av opne, kommersielle KI-verktøy
tillitsfullt system: Auka bevisstheit om kvalitet, kjeldekontroll og ansvarleg KI-bruk i staten
Kva lærte vi?
Den største utfordringa er ikkje teknologisk, men at brukarane må oppleve KI som trygg, etterprøvbar og tillitsvekkende.
Slik bygger vi tillit til kunstig intelligens
Data må vere av god kvalitet, etterprøvbare og tillitvekkande
KI-funksjonaliteten må dekkje reelle brukarbehov
Vi må stadig forbetre korleis løysinga søker, vurderer og hentar relevant kunnskap
Samarbeide tett med brukarane for å etablere nye arbeidsformer, auke kompetanse og skape ein meir kunnskapsbasert kultur i forvaltninga
Piloten viste at kunnskapsassistenten gir størst verdi i tidlege fasar av arbeidet – når brukaren skal orientere seg, oppsummere og finne relevante dokument. Brukarane var tydelege om korleis KI kan vere nyttig: KI må styrke faglege vurderingar – ikkje gjere dei mer sårbare.
Brukarbehov vi avdekte i piloten
høgare presisjon i komplekse oppgåver
meir stabil kontekstforståing
støtte til å strukturere store datamengder i tabellar
tydelegare sporbarheit mellom kjelde, vurdering og resultat
nytte løysinga på interne data innanfor sikre rammer
meir støtte gjennom sparring og dialog med assistenten
Vegen videre
Kunnskapsassistenten er ein KI-chat i betaversjon. Kunnskapsgrunnlaget til chatten er eit avgrensa utdrag av Kudos-databasen. Den er brukertesta av 89 brukarar i fleire departement og direktorat.
Neste steg
Kunnskapsassistenten er ikke publisert og tilgjengelig for brukerne. Den må videreutvikles før flere kan bruke den.
Prosjektet står no ved eit viktig vegval. Vi må avklare skalering, vidare finansiering og langsiktig forvaltning. Rapporten frå piloten er kunnskapsgrunnlag for beslutningane
Skal vi lukkast, må utviklinga skje i fellesskap. Erfaringane frå tett samarbeid mellom Digdir og DIO har vore avgjerande i pilotfasen. Framover blir det viktig å sikre eit forpliktande samarbeid mellom relevante aktørar, slik at vi utviklar robuste løysingar som gagnar både store og små verksemder.
Interessa for arbeidet har vore betydeleg, og tilbakemeldingane understrekar at behovet for trygg KI-assistert kunnskapsarbeid er reelt og omfattande. Fleire verksemder har starta eigne initiativ og eksperimenterer med liknande løysingar. Dette stadfestar behovet – men synleggjer òg ein risiko for at kompetanse og ressursar vert spreidde for tynt.